ÅRSKAVALKADE 2013, 2

Ekko er godkjent gjetarhund. (Fortress Capo X Meg (B.Bonsaksen)) På prøva på Skjelten oppnådde han dei nødvendige poeng for bruksprov! Hurra! Men han har ambisjon om å delta på fleire prøver dette året og auke poengfangsten monaleg! Steel fortente dei 84 poenga han fekk i klasse 2 og gjorde med det si beste prøve i denne klassa. Roxy fekk 83 poeng i klasse 3, noko som var litt under pari for henne å vere.. Ho kan skulde på føraren denne gongen!
Då var årets første gjetarhundprøve ferdig. Her ser du prøvearenaen på Skjelten i Haram.

Roxy og Jet vil aldri utvikle CEA/CH

12.12.13. fekk vi tilbake testresultatet frå Optigen på blodprøvene for å fastslå om dei kunne utvikle Collie Eye Anomaly/Choroidal Hypoplasia.

Svært fornøgd kunne eg konstantere at begge fekk resultatet: Normal/Clear. Dermed vil dei ikkje kunne utvikle den frykta augesjukdomen sjølv og heller ikkje få kvalpar med sjukdomen.

NORDIC NURSERY 2013

Roxy i Skåne. Lorentsberg prøvearena i bakgrunnen.

Et lite eventyr er over for vår del. Så får framtida vise om enden vert "snipp, snapp, snute" eller "så levde dei lukkeleg til sine dagers ende." Men for å starte med slutten så kjenner eg faktisk allereie no at dette gav meirsmak!

Å køyre 240 mil for å gå to gjetarhundprøver på tilsaman 22 minutt er galematias for somme, men gjev full meining for andre. Eg høyrer til "dei andre"! Så får det heller vere at resultata ikkje heilt vart slik som eg hadde håpa på, men det kan ein ikkje vite på førehand. Om ein er "in it to win it," så er det faktisk slik at det oftast berre er ein som vinn! Vi er ikkje med for å bli nr. 12, men det var det vi vart, og så får ein takle det også!

Laurdagen vart vi faktisk nr.9 av 40 og det er ikkje så aller verst. Ein må ha i tankane at det er nordens beste unghundar og førarar ein tevlar mot! Søndagen vart det ein meir skuffande 17. plass. Poenget er imidlertid at eg på nytt har lært at ein må få gjort ferdig alle momenta, og eg har sett kva som må trenast på. Det er fordelaktig at det går fint på drivinga, men det går for smått. Vi må få opp farta i vinter!

Roxy høyrde etter signala mine og gjekk bra under relativt vanskelege forhold, så mitt håp for framtida har iallefall ikkje slokna. Eg elskar den hunden!

 

Roxy på inndriving Nordic Nursery 2013 der vi blei nr. 12 samanlagt. Bildet er teke av Cathinka Kjelstrup.
Inndriving som ein av dei som kom mellom portane.
X-driving
Gjennom andreporten..
Deling av ein merka og ein umerka!
På veg inn i trakta og: "Time"
Vinnerbildet.
Ein er storfornøgd og Roxy lurer på kva som foregår..Fylkesmeistrar i bruk av gjetarhund, Møre og Romsdal 2013. Nils E og Roxy!!! (Foto: Andor Bjørke, mrgl.no)

Fylkesmester Møre og Romsdal i bruk av gjetarhund

Endeleg skulle det lukkast! Roxy og eg vart fylkesmestrar for året 2013!

Gjetarhundkonkurranser er ikkje ei stor konkurransegrein i Møre og Romsdal, men tevlinga er likevel knallhard. I eit beite med mange erfarne gjetarhundførarar vert du berre for ein skårunge å rekne med 4-5 år" i gamet."

Det var stor stas å vinne dette for første gong, og få sjå at du gjer iallefall noko rett.  Det ligg mykje arbeid og innsats bak, og då er det kjekt å lukkast av og til. Arbeid med hundane og sauene gjev også mykje tilbake i form av utandørs- aktivitet, venskap og stor respekt for hunden som gjer sitt aller ytterste for deg.

Viktigast av alt er likevel ikkje konkurransar, men hjelpa du får i småfehaldet når du har ein god gjetarhund. Arbeidet med flytting, sortering og sanking vert lystbetont. Det gjev og stor tilfredsstilling å kunne hjelpe andre sauehaldarar og kunne motta handtrykk for godt utført arbeid.

Arkivfoto av 1. klassevinnaren Steel. NO53099/12

Strawmoornytt med vekt på gjetarhund :)

28. aug, 2013
Gjetarhundprøve Batnfjordsøra
Søndag 25/8 var det gjetarhundprøver i Batnfjorden. Sidan eg liker å byrje med det beste, så vann Steel klasse 1 med 80 poeng. Roxy vart nr.2 i klasse 2 med 85 poeng og same hund vart nr.9 i klasse 3 med 84 poeng. Cap og eg vart nr. 10 i klasse 3 med 83 poeng. Cap gjekk knallfint og alt låg an til ein topprunde, men når vi kom til kvea så "balla det seg" for føraren. For mykje stress og kanskje nerver førte til at vi ikkje fekk sauen inn i kvea, og tida gjekk ut. Surt, men slik er det. Får ikkje gjort noko med det no, så nå ser vi fram mot Stryneprøva 14-15/9.....
19. aug, 2013
Gjetarhundprøver i Sunnfjord
Laurdag 17/8 var det utmarksprøve på Osland i Askvoll kommune. Artig og utfordrande med denne type prøver. Klart er iallefall at det er realistisk. I klasse 3 gjekk eg og Cap til 80/100 poeng og vart nr. 4. Klasse 1 vann eg og Steel med 88/100 og dette vart "all time high". Søndag var prøva på Lunde i Sande i Sunnfjord.... Steel vann kl 1 prøva også denne dagen. 74/100 denne gong på Cheviot.. Roxy vart nr 4!! i klasse 3 med 80/100 poeng. Cap fekk ei gjenstridig søye som måtte behandlast såpass varsomt at vi ikkje blei ferdig med drivinga. Godt nøgd uansett med å unngå brudd på nokon av dei seks prøvene eg gjekk denne helga. Takk til arrangørane som sto på heile helga for dei deltakande ekvipasjane. To flotte knivar frå Helle som premier var og passande, då slepp eg å kjøpe ferdigskoren mør neste helg!
4. aug, 2013
Tynesprøva i august
Den tredje og siste prøva for i år vart arrangert av Indre Sunnmøre Gjeterhundlag denne søndagen. Bra resultat for Strawmoorhundane denne dagen.

Karina og Jet debuterte som ekvipasje i klasse 3 med både deling og singling. Dei blei til slutt nr. 9 av 18 deltakarar. 92/110 poeng er ein svært god start, og 10-10-10 på deling,kve og singling er det beste som er mogleg! Grattis!!
Cap blei nr. 5 med 101/110 poeng, så nivået var rimeleg høgt..
I klasse 2 vann Roxy og eg med 92/100 og Drift vann klasse 1 med 94/100!
Bana på Osland
NO53099/12 STEEL
Magnus Grimeland og Sanki vann kl 3 prøvene
I bakgrunnen ser ein bana.
Steel
Lundebana
Slik går no dagan! As days go by!
Young dog training at its best!
Cows also have vacation in Norway..
Off to the mountain..
Gåtur. Nils on a rare walking trip, Oppdal.
Gjevilvassprøva, resultat søndag: Cap 80 poeng og nr 4 av 43. Open trial by Gjevilvatnet sunday 28th of July: Cap got 80 points and finished fourth out of 43 dogs. Quite pleased.
STEEL, NO53099/12, MIN NYE KLASSE 1 HUND, ELLER RETTARE SAGT; FØRSTEKLASSES HUND! (..................English..) Steel is my new nursery dog. He is a first class dog out of Asbjørn Molværs Nell who is sired by Killiebrae Laddie. Steel`s sire is Susann Osnes Zac, previous A D Scrimgeour! (http://www.bordercollie.gb.com/empty_36.html)
Flokken ved polarsirkelen på Saltfjellet. Cap, Anders, Jet, Kristian, Drift og Haakon Edvard.(...................English......) The pack at the Polar Circle! From left Cap, Anders, Jet, Kristian, Drift and Haakon Edvard.
Rorbua vi sov i i Nusfjord, Flakstad kommune i Lofoten. Nils og gutane pluss fire hundar reiste på Midnattsol cup i Lofoten!! Ein ekte roadtrip i innkjøpt Chevy Van og hundehenger... Resultata? Kjem på NSG, men godt fornøgd med Drift på eine klasse 1 prøva med 93 poeng og andreplass på ei "utmarksprøve". Cap var og bra søndagen sjølv om vi fekk "berre" 79 poeng. Vanskelig prøve der mange av dei først startande fekk brudd.(..................English) Our recidence during our stay in Lofoten. Midnight Sun Herding Competition in wonderful scenery! A real roadtrip with Chevy Van and dog-trailer! The results was so and so but the vacation wonderful! 1250 km one way! Crazy but no regrets!
JONSOKPRØVE PÅ TYNES















Jonsokprøve på Tynes
Medan båla spraka i fjørekantane køyrde Indre Sunnmøre Gjeterhundlag prøver på Tynes i Sykkylven. Reportasje kan du sjå på www.mrgl.no Kortversjonen er at Drift vann klasse 1 med 85 poeng, Roxy vann klasse 2 med 92 poeng og Cap blei nr 7 i klasse 3 med 97/110 poeng. Bra! (..........English..)
Midsummer Open Trial in the North West of Norway.
While the bonfires "lit" up the sky and most people BBQ-ing, we had an open trial at Tynes in Sykkylven county not far from Aalesund.The short version is that Drift won nursery class with 85 points, Roxy won novice class with 92 points and Cap finished as 7 th in the open class with 97 of a total of 110 points. (16!-10-19-25-10-10-7) Outrun and single must be better!!!!!!!
INSTRUKTØRKURS MED MARIANNE BYRKJELAND















Frå 5-7/7 var det instruktørkurs i gjeting i Velledalen i Sykkylven. Fem deltakarar og X antal "prøvekaniner" sette kvarandre i stemne på Solvoll gard heime hjå Susann, Andor og Markus.
Eit gjevande kurs som medførte fagleg påfyll og nytt mot i kvardagen!
(Pluss ein ny 8. mnd kvalp, Ekko, som eg skulle starte på kurset. Det var full klaff ved første blikk, så etter diverse lovnader til min bedre halvdel om bygging av hundegard m.m. så vart han med heim. Han er etter Fortress Capo og Meg til Bonsaksens på Øvre Ljøen. Ein kul kar med kaldt hovud og ei gamal sjel! (..........English.)
The first weekend in July I attended an "instructors herding clinic" We were five participants and a whole lot of "Guinea Pigs"
Marianne Byrkjeland was our instructor, and during the stay at Andor, Susann and Markus's farm in Velledalen we practiced "Learning by Doing!"
I also got a new eight months old puppy named "Ekko". I should start training him as a sheepdog, and I liked him so much that I took him home with me. Bente just have to write the invoice! He is sired by Fortress Capo and out of Meg owned by Bente Bonsaksen. He is a cool guy with a clear head and an old soul!
KONKURRANSEKURS PÅ SINDREGARDEN















Bildet er frå onsdagen i veke 28 då vi fekk trene utgang på lang mark (400 m+) inne i Olden. Sjeldan for meg å ha ei heil veke berre til kos, og det vart verkeleg ein ferie. Ideelle forhold til utgangstrening, og Egil er flink til å sjå kva som mangler og kva som kan gjerast i den forbindelse! Mest vil eg hugse ny giv på deling og singling samt viktigheita av å stadig trene flanker på visse hunder, CAP!!!!! (.....English....) The picture is taken the 10th of July in Olden by the famous Briksdal Glacier. We however, practiced 400 m outrun. I have rarely the opportunity to be at a herding clinic for a whole week, but this is my type of vacation! We had ideal conditions, and Egil Syversbråten who won the Norwegian championship in 2003 was a very clever and skilled instructor. The shedding and the importance of good flanks I will remember, and so will Cap I hope!!

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

23.01 | 18:36

Hei, Dennis 7 år papillon vår ha vært med dere en gang før med Lab tispe Kelly ho er ikke her lenge men han trenger plass rundt den 10.7.18 til 25.7.18

...
22.02 | 17:07

Hei! Er det ledig plass for en bouvier 12.-19.mai? Pris pr døgn?
Mvh Randi

...
30.01 | 18:43

Hei Marit. Vennligst ta kontakt med daglig leiar Karina Stråmyr på tlf. 91657669.

...
29.01 | 20:18

Hei! Har en fransk bulldog tispe på 11 mnd. Hva ville det kostet å ha henne hos dere fra 9. Til 11.februar?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE