Det er klart for andre del av vinterserien til Indre Sunnmøre Gjetarhundlag. Denne delen vil finne stad på Røvereiten på Hildre i Haram kommune. Vi tek til kl.10.30 med klasse 1, og så går det slag i slag.
ISG starta i fjor vinterserien under namnet over.Andre året kan ein vel kalle det ein tradisjon.. Målsetjinga med desse prøvene er at dei skal vere eit lågterskeltilbod i ei uhøgtidleg atmosfære for dei som vil ta bruksprov i gjeting og/eller vil utvikle eigenskapane til ekvipasjen vidare. Dette gjev verdfull prøveerfaring i eit inkluderande og støttande miljø! Tanken er og at ingen skal bli ruinert av prøvegåinga, og difor er prøveavgifta såpass låg som kr. 150. Femti av desse går direkte til Norsk Sau og Geit, NSG.