Andor, Ailen, Karina, Merethe, Odd Bjarne og Bente med sine respektive Border Collier.
Indre Sunnmøre Gjeterhundlag
hadde invitert til ikkje mindre enn 4-fire gjeterhundprøver. Ein ubeskjeden velledaling med gode hunder vann alle. Andor Bjørke samt hundane Blue og Jake var i det umulige hjørnet
denne litt fuktige søndagen på Gamlem. Forpremiar velvilleg donert til ISG av Royal Canin vil gi energitilførsel til vinnarane og deltakarane.
Før prøva hadde vergudane på yr.no truga med 15 sekundmeter vind og bøttevis med vatn, men dette vart det heldigvis ikkje noko av. Varm og god bålsuppe, sterk bålkaffi og pølser frå
Gilde fekk derimot bein å gå på etterkvart som det vart fortært.. Litt regn vart det rett nok, men ikkje meir enn ein gjetarhundentusiast toler.
Gamlem Open er ei suksesshistorie så langt med åtte
prøver og 62 starter. Ingen tvil om at trening og prøveerfaring vil få eit byks.. Så får neste prøve den 17 mars syne kven som vil få hunden sin foreviga av Solveig Hopland frå Velledalen. Førstepremien
i både klasse 1 og 2 er nemleg eit teikna bilete av eigen hund!
Dommer alle klasser var Ståle Øye som gjorde ein god og rettvis jobb. Anders i kvea, Angelika som skriver i kl.1, Susann som skriver i kl. 2, Kristian
bak kamera, Andor som medbanelager, Bente med suppe, Karina med "brannsløkkjing" og Nils med utsetjing gjorde og sitt til at vi fekk ein trivelig dag med gjetarhunden i fokus!