GAMMALNORSK SPÆLSAU

Eg studerer sau. Dårlege treningsdyr = fine skinn..

PANDALAM

17.04.2012
I dag har vi fått to tvillinglam med "solbriller". (mot alveld) Begge søyelam.

KLIPPING OG BEITESLEPP

BÆÆÆÆ, NYKLIPPT!

08.06.2012
Fredagen frå "den grønne morgon" til seine kveld gjekk med til saueklipping. Sjølve klippinga var det proffklippar Ragnhild som sto for, og det er både sauen og ryggen min glad for. Ho antyda imidlertid noko om komande klippekurs, men sidan eg er ein oppteken mann, så har eg sikkert noko på kalenderen allereie..

Det vart iallefall ei stor forbetring for sauen å få av seg den tette fellen, og så får det heller våge seg at dei såg litt "ribba" ut etterpå. (sjå avsnittsbilete!)

Laurdag vart halve flokken frakta til grønare grasgangar av landcruiseren, og dei på biletet skal få beite litt betre før dei blir sendt til fjells, trur eg!

Sauen stend på stabburshella...

23.04.2012
Kjekt å vere ute i fineveret!!!!!!!🙃

Første lam 2012!

Første arbeidsdag etter påske fann nr. 0024 ut at no var tida inne til å få lammet sitt. Som seg hør og bør vart det svart og kvitt! Legg og merke til nettinggjerde framfor steingarden. "Sikkerheit på sikkerheita" kommenterer kårkallen tørrt. Vel eg har for lite tid til å springe etter.....

Vårens vakraste eventyr

10.04.2012
Då er vi igong! Etter ei vinterpåske av dei sjeldne var eg igrunn glad at det ikkje vart påskelam på oss i år. Alt går lettare med bare markar igjen og litt sol😀

SPÆLSAUESIDA

Sauene våre er av rasen Gammalnorsk Spælsau, og kjem opprinneleg frå besetninga til Jofrid Haldis Barstad i Follestaddalen i Ørsta. 

Søyene vil vi i utgangspunktet ha kollete. Det er enklare av mange årsaker. Vi har imidlertid vore nøydd til å bruke ver med horn, slik at avkommet sjølvsagt kan bli eit søyelam som får horn. Desse har vi fram til no slakta til hausten.

Vi parar ikkje årslamma, og slik får vi livlam som "treningsdyr" for gjetarhund. Sauene vert også då sjølvsagt hundevant og kan enklare flyttast mellom dei ulike beita både i hengar og i flokk. Det kan seiast så enkelt at her hadde ikkje vore ein einaste sau her på garden utan gjetarhund som arbeidsreiskap og kompis.




God morsau og flokkeigenskapar

Ved første teikn til ein gjetarhund trekkjer sauene saman til ein tett flokk. Det og at den gammalnorske spælsauen oftast har lette lammingar og tek seg godt av lamma sine har vore viktig for oss.

Om gammalnorsk spælsau i Wikipedia:
Gammalnorsk spælsau er ein sauerase som fører vidare mange av eigenskapane til dei sauene opphavleg var brukt i Noreg og elles i Nord-Europa i eldre tid.

Både vêrar og søyer kan ha horn eller vere kollete. Sauen skal ha kort hale (spæl) utan ullhår, kronelokk og tydeleg pannelugg, små øyro og livlege augo. Fargen på ulla kan variere breitt, frå svart gjennom, grått, blått og brunt til kvitt. Det er tydeleg skilnad mellom ullhår (tel) og dekkhår (tog). Ulla skal vere minst 17 cm over krysset.
Ulla til den gammalnorske spælsauen høver godt for husflidsformål.

Den gammelnorske sauerasen var einerådande i Noreg fram til 1600-1700-talet. Frå tidleg på 1700-talet vart det importert sauer med finare ull og høgre slaktevekter frå Storbritannia. Sidan etterkommarar av dei importerte sauene vart føretrekte i avlen, vart dei gamle lokale korthalesauene nesten utrydda.
I 1912 vart det oppretta to avlsstasjonar for å berge det som var att av desse opphavlege sauene. Frå den eine avlsstasjonen har vi kystsau som vart grunnlaget for gammalnorsk sau. Frå den andre har vi korthalesau frå innlandet, som vart grunnlaget for moderne spælsau.

Gammalnorsk spælsau og moderne spælsau har stort sett same historie fram til rundt 1950. På 1960-70-talet vart det avla fram ein moderne spælsaurase med større og meir kjøtfulle dyr, og med meir vekt på kvit farge enn andre sider ved ullkvaliteten.

Gammalnorsk spælsau vart offisielt definert som ein eigen rase i 2002, etter at Landslaget for Gammalnorsk spælsau var stifta i 2000.
(Vi er medlem nr. 170 i Landslaget for Gammalnorsk spælsau.)

Ætteboka for gammalnorsk spælsau er open, og spesielt når ein vel ut hanndyr for avlen legg ein vekt på å vidareføre dyr med eksteriør og rasepreg ein fann hos spælsauen før 1960.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

23.01 | 18:36

Hei, Dennis 7 år papillon vår ha vært med dere en gang før med Lab tispe Kelly ho er ikke her lenge men han trenger plass rundt den 10.7.18 til 25.7.18

...
22.02 | 17:07

Hei! Er det ledig plass for en bouvier 12.-19.mai? Pris pr døgn?
Mvh Randi

...
30.01 | 18:43

Hei Marit. Vennligst ta kontakt med daglig leiar Karina Stråmyr på tlf. 91657669.

...
29.01 | 20:18

Hei! Har en fransk bulldog tispe på 11 mnd. Hva ville det kostet å ha henne hos dere fra 9. Til 11.februar?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE