BELLA OG TWEEDS KVALPAR

Gjengen samla rundt matfatet!

Annonsen frå Finn.no

Sist endret: 08. mars 2011 12:17

Border Collie kvalper til sals!

Beskrivelse

Tweed, ISDS291868, har vunne igjen! Fylkesmeister i gjeting i Møre og Romsdal 2010 har blitt far. 

6. januar fekk vår flinke gjeterhund Bella, ISDS270099, sju flotte reinrasa kvalpar. Tre hannar og fire tisper. Vi har no att for sal ein(kanskje to) tricolor hannkvalp. Kvalpane er leveringsklare frå 3. mars. 

Begge foreldra er importert frå Storbritannia, og er topp arbeids- og konkurransehundar. Dei er svært stabile og trygge hundar med godt gemytt. Far er aktiv bruks- og konkurransehund i gjeting. Tweed har særs god dyrefølelse, er ein god lyttar og har ”ein motor” som berre går og går. Svært godt lynne! Mor Bella er og bruks- og konkurransehund men har hatt ein meir urøynd førar og har konkurrert i klasse 2. Ho har fantastiske utgangar, gode vinklar og dyrebehandling. Lettrent og stilfull tispe med godt trykk på dyra. Ei roleg ”dronning” inne i huset. 

Kvalpane er svært godt sosialisert, har hatt kontakt med mange ulike menneske i alle aldrar og av begge kjønn. Dei veks opp inne i bolighus saman med alle oss andre som bur her. Samtlige har blitt vant med bilkøyring, kloklipp, generell handtering, ulike lydpåverkingar (CD plate med 76 lydar, med alt fra torden, skudd og applaus, denne får du med). Utover dette har dei møtt/helst på ulike dyr på ulike stadar. Kvalpane er stabile, stødige og vert ikkje særlig påverka av ytre lydkjelder. Dei er godt vant med dei andre hundane og dyra på garden. 

Kvalpane vert levert vaksinert, chippa, med ormekur, helseattest og registrert i NKK. Vi kan seinare hjelpe med å sette i gang/trene hunden til gjeting på sau. Vi har eige treningsområde og ”treningssau.” 

Ta kontakt om du er interessert i ein gjetarhund/brukshund.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

23.01 | 18:36

Hei, Dennis 7 år papillon vår ha vært med dere en gang før med Lab tispe Kelly ho er ikke her lenge men han trenger plass rundt den 10.7.18 til 25.7.18

...
22.02 | 17:07

Hei! Er det ledig plass for en bouvier 12.-19.mai? Pris pr døgn?
Mvh Randi

...
30.01 | 18:43

Hei Marit. Vennligst ta kontakt med daglig leiar Karina Stråmyr på tlf. 91657669.

...
29.01 | 20:18

Hei! Har en fransk bulldog tispe på 11 mnd. Hva ville det kostet å ha henne hos dere fra 9. Til 11.februar?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE