ARKIV 2012

ARKIV OVER DET SOM SKJEDDE I 2012

PRØVER OG KURS

VINTERSERIEN "GAMLEM OPEN"

INDRE SUNNMØRE GJETERHUNDLAG ARRANGERER DP I KLASSE 1 OG 2 PÅ GAMLEM SØNDAG DEN 20 JANUAR.

DETTE BLIR DEN FØRSTE I EIN SERIE PÅ TRE PRØVER DER SAMANLAGTVINNAREN I KVAR KLASSE VERT PREMIERT I TILLEGG TIL HEDER OG ÆRE.

DEI TO NESTE PRØVEDATOANE VERT 17 FEBRUAR OG 17 MARS. (ALLE DATOAR MED ATTERHALD FOR VERET!)

GJETARHUNDKURS  I ISG REGI VERT DET FREDAG 15 OG LAURDAG 16 MARS MED ALEXANDER STRØM SOM INSTRUKTØR. NIVÅ TILPASSA DELTAKARANE.
DET ER DET ÅTTE PLASSAR, SÅ DEN SOM VIL VERE MED Å KURSE SEG FØR EIN EVT. GÅR PRØVE PÅ SØNDAGEN, KAN MELDE SEG PÅ TIL NILS EDMUND PÅ SMS TIL 90083282.




STRAWMOOR

Our new kennelname "STRAWMOOR" has been approved. The next litter from us will get the prefix STRAWMOOR.

New homepage will have this adress: strawmoor.com

Kennelnamnet vi har søkt om er godkjent. Neste kull frå oss vil få prefikset "STRAWMOOR" før namnet.😀


Ny adresse til heimesida vil bli : strawmoor.com

INSTRUKTØRKURS

Det har gått nokre dagar sidan 14.06.2009 då eg vann kl. 1 med Spot på Stette. Eg hadde aldri vore der den dagen, eller hatt moglegheit til å tilegne meg den erfaringa eg i all beskjedenheit har utan at det var nokon som gav meg hjelp i form av instruksjon.

Susann R Osnes og Andor Bjørke, TAKK!

Difor har eg meldt meg på instruktørkurs for å kunne vere betre i stand til å hjelpe dei måtte vere interessert.

NO33431/11 SWEEP

02.12.2012
Sweep reiste sist veke heile den lange vegen til Tone Ingeborg Andreassen i Tromsø. 

Der skal han bli gårdsgut og arbeidskar på sau. Flyturen med SAS gjekk flott, og den kule karen er no med både i fjell og fjøre om han ikkje ligg på stoveteppet og gnager bein. 

Dette vart heilt tydelig ein god match, lukke til vidare begge to!

NORDISK HUNDEMASSASJESKOLE

Karina er no ferdig med det tredje kurset av totalt seks på Nordisk Hundemassasjeskole på Nes i Hedmark.

Siste tilskot i hundeflokken er den ranglete karen på bildet over, og den brukar ho til å knyte på sener og musklar. Pugging av latin høyrer også med,  og vi andre kan også snappe opp namn som atlasvinger og scapula. Erasmus Montanus eller Rasmus Berg som han eigentleg heiter er ein kar som renn meg i hu....

Elles er det i praksis ein nyttig kunnskap som kjem hundane våre til gode. Karina satsar på å bli ferdig i mai!

Jet og Nils på NM

06.11.12.
I Alvdal hadde vi tre fine dagar, men kom ikkje vidare frå innleiande runde på bane 2 på fredag.

Vi var ikkje dyktige nok i delingsringen og måtte ta delinga på nytt, brukte tid slik at vi ikkje fekk med singlinga. Slik sett fekk vi berre 141/220 poeng og grensa for deltaking i semifinalen låg på 170p. Slik sett mangla vi 30 poeng som vi ikkje fekk på singling og delvis deling/driving.

Men vi fikk starte i NM for andre år på rad, og har skumle planar om å utvikle oss vidare...............

57

isds290392

Jet

Stråmyr, Nils E

141

2004 Ifor-williams DP 120 - 12 ft. tri axle

Nyinvesteringa er komen til gards! Det har lenge vore eit ønske å kunne transportere fleire enn ti sau i gongen, og ein slik hengar har stått på ønskelista like lenge. Det har vore umulig å få tak i ein slik brukt i Norge, og prisen på nye er slik at ein ikkje kan betale med å drive med sau!

Løysinga vart ein brukt frå UK, og med hjelp av gode vener både her og der fekk eg henta den i Brevik ved Porsgrunn sist fredag. Det vert ein utruleg lette, og slutten på mange tunge tak. Gjetarhunden Moss er og storfornøgd med si eiga "avdeling" i andre etasje med full oversikt og overhøgd på buskapen.

Mike, som hjelpte meg å finne henger og få den transportert til Immingham, kan finne fleire....!

Einaste ulempa var,- 729 kilometer, ein veg.....

JET VANN KLASSE 3!!!!

Jet vann DP i Sykkylven i klasse 3. Vi er begge svært godt fornøgd med resultatet, og dette var prøva der eg følte at alt stemte. Ein god følelse. Særleg nøgd er eg med drivinga som i år har vore litt av eit problem. Lærte nok litt av Derek på Udden ja. No er det berre gjenskape.
Sjå og lenke til

Bella ville og ha med eit bilete.

Bella og eg er ein ny ekvipasje av året, og har dermed litt å jobbe med når det gjeld tillit og små forflytningar. Vi er ikkje alltid einige om kva som er lurast og best, og dermed får vi litt "krøll" av og til. Ho er iallefall sterk og stilfull, og så får det heller våge seg at ho har sine eigne meiningar om ditt og datt. Nåde den hund som forstyrrer når ho ser på "saue-TV" og snusing bak skal ho og ha seg fråbedd!

Sauesanking 2012

Den 29 august var vi igjen oppe på fjellet for å finne dei 33 dyra vi sleppte i år. Eg fann berre 32. 90003 Sara er borte. Ho hadde også radiobjelle,men den fall ut den 14/8.Merkelig å finne lamma men ikkje søya. Dei eg fann er no i Sykkylven saman med 46 andre for å vere deltakarar i gjetarhundprøver i helga. På bildet skuer Sunniva mot neste blåne.

Firedagerskurs i bruk av gjeterhund.

Frå 10 til13 august var vi på kurs i bruk av gjeterhund med Derek Scrimgeour som instruktør. 

Kurset føregjekk i Skinnskatteberg, Sverige. Dette var fjerde gongen vi tok turen til Sverige på kurs med Derek som instruktør. 184 mil (t/r). Vi ser på det som ein opplevingsferie med eit nytteaspekt. Det er alltid trivelige dagar saman med gode vener og med gjetarhundane i sentrum for merksemda. 

Å gå til Allan og Eva sine ferdig dekka frokost, lunsj og middagsbord, å få allt tilrettelagt og ikkje minst å kunne nyte ei kald "Mariestad" på terrassen etter dagens økt medan ein ventar på middagen er heilt ubetaleleg.

Den faglege læringskurva peikar også oppover etter slike påfyll, og det er alltid noko nytt å lære. Ein vert aldri utlærd, alltid er det ein ny situasjon, ein ny vri som treng ei løysing... Med den store "fårehagen" får ein og trent på "stor mark" noko som ikkje er så vanleg for ein som kan stå ved fjellfoten og kaste stein på sjøen....

No er det tilbake til "striskjorta og havrelefsa", og så får vi sjå om det vert kurs neste år på Udden.

DISTRIKTSPRØVE PÅ TYNES.

Søndagen på Tynes var slik den brukar å vere når der er gjetarhundprøver; fint prøvever heilt til siste ekvipasje er ferdig. Når Terje Strand og Ytrelias Spot var ferdig med bruksprovløpet sitt, kom regnet. Gratulerer Terje!

Elles var eg godt nøgd med løpet til Moss i kl.3 til 89 poeng og tredjeplass eit poeng etter nr.1 og 2. Og det etter at eg nesten hadde avskrive han som prøvehund...... Stor peiling m.a.o.

Bella gjorde også ei ok prøve til 78 poeng der føraren må ta skulda for å stoppe ho for tidleg på utgangen, men der vi greidde delinga og fekk seks poeng for den!

Jet er ikkje seg sjølv for tida. Kvalpeperioden, mykje mat, hormonell ubalanse og uartige fløytesignal er berre nokre av forklaringsmodellane. Vi må til Sverige på kurs til Derek og sjå om han har ei tre-fire løysingar på problemet ;)

Sweep fekk 63 poeng i klasse 1. Mest nøgd med: 19 på utgang!!

Les meir på http://mrgl.no



GJETERHUNDKURS FOR KVALPEKJØPARANE VÅRE

23.07.2012
Ei triveleg og lærerik helg med "kvalpetreff"/ kurs i gjeting for hunder som er avkom etter vår Bella og Andor Bjørke sin Tweed er over.

Dei som har kjøpt hund frå oss, og andre gode vener var med då sju ekvipasjer over to dager og x-antal økter trente alt frå å gjete sauen utan hund til utgangar og skikkelige flankar.. 

Vi hadde gleda av å vere på gjetarhundkurs med Alexander når han var i Isfjorden i fjor. Dette gav meirsmak slik at vi inviterte han til oss på Gamlem i år. Han har god greie på det han held på med, eit individuellt tilpassa treningsopplegg og  i tillegg gode pedagogiske evner til å formidle kunnskap til hundeføraren på ein lettforståelig måte.

Dette hadde han med seg i år også, i tillegg til Kai Hjeldnes som var med og hjelpte til. 

Gjennomgangstonen frå deltakarane var at dette var særs nyttig, og at dei sette stor pris på å delta. Det var også nokon som nemnde at dette burde følgast opp vidare.. For min eigen del tok eg til meg fleire nyttige tips som eg såg fungerte i praksis. Kva dette var skal få vere ei hemmelegheit inntil vidare. (Ein må ha att noko for å gå på kurs;))

Eg både var og er svært fornøgd, og kan på det varmaste anbefale kurs med Alexander Strøm!

Irish National vinner 2010, Frankie McCullough

Frå fredag 6/7 til og med måndag 9/7 var eg på kurs med Irish National vinner 2010, Frankie McCullough!
Det er eigentleg to kurs som kvart var på to dagar, men nokre treng litt meir tid enn andre, så eg gjekk på begge!!  Kurset hadde hovuvdvekt på dobbelhent og sortering. Frankie var ein likandes kar som villig delte av sine erfaringar og kunnskapar iblanda ei "røvarhistorie" i ny og ne. Eg synest og å ha sett positiv utvikling i løpet av dei fire dagane.........

DRIFT ER GODKJENT GJETARHUND

DRIFT, NO33433/11, er godkjent gjetarhund etter prøva på Tynes i Sykkylven kommune den 1. juli!!
Hurra, hurra, hurra! (og velkomen  etter;))  For andre "skryte"-resultat sjå fana frå gjetarfronten eller mrgl.no

Skye på sau!

Skye fokuserer på saueflokken. " Den skal tidlig krøkast, den som god krok skal bli," heiter det visst. Då koser vi oss i "fårehagen" når vi har sjansen.....

BALLJING

26.06.2012
Oppdateringa av sida har vore sporadisk i det siste, og grunnen til det kan du sjå på biletet ved sida av. Eg har "kuska" denne reiskapen og meir til. 

Eg fann ut at eg skulle balle heile førsteslåtten i år for at eg skulle bli ferdig i løpet av dei få fineversdagane vi kan forvente å få...  Klok av skade frå sist sommar er det om å gjere å bli ferdig i ein fei. 

Det er nok av andre ting å henge fingrane i når eg no har avspasering. (trene hundar m.a.) :-)

HUNDEMASSASJEKURS

Karina har vore på Nordisk Hundemassasje Skole på Nes i Hedemark. Der har ho gått på tredagars nybyrjarkurs i hundemassasje.

Her har ho fått lært det grunnleggande om hunden sin anatomi, sirkulasjonssystem, enkel muskellære, innføring i nervesystemet, indikasjoner/kontraindikasjoner samt full massasjebehandling av hunden sin ytre muskulatur. Stress og antistresshormonenes påvirkning på hunden, og korleis massasje verkar både fysisk og mentalt på hunden.

Motivasjonen hennar bak kurset er å ivareta alle sju i hundeflokken m.t.p. både støle og forknytte musklar og kanskje gå vidare og bli Autorisert Hundemassør.

Sjå meir om skulen her: http://nordiskhms.no/

NO33431/11 SWEEP ER GODKJENT GJETARHUND!

Første kvalpen (16 mnd og 28 dg) i kullet til vår Bella og Andor Bjørke sin Tweed fekk bruksprov på Stette 03.06.12. Ikkje så lite stolt eigar og trenar er Nils med sin første "heimeproduserte" gjetarhund!

På biletet"gjetar" han huskatten. Desse to er gode vener frå "barnsbein" av..

Sjå meir på:"frå gjetarfronten".

BÆÆÆÆ, NYKLIPPT!

08.06.2012
Fredagen frå "den grønne morgon" til seine kveld gjekk med til saueklipping. Sjølve klippinga var det proffklippar Ragnhild som sto for, og det er både sauen og ryggen min glad for. Ho antyda imidlertid noko om komande klippekurs, men sidan eg er ein oppteken mann, så har eg sikkert noko på kalenderen allereie.. Eit stort antal tilskodarar samla seg etterkvart for å sjå på storhendet, og neste år vert det nok kanskje inngangspengar....

Det vart iallefall ei stor forbetring for sauen å få av seg den tette fellen, og så får det heller våge seg at dei såg litt "ribba" ut etterpå. (sjå bilete!)


Laurdag vart halve flokken frakta til grønare grasgangar av landcruiseren, og dei på biletet skal få beite litt betre før dei blir sendt til fjells, trur eg!

RESULTAT FRÅ DISTRIKTSPRØVE PÅ STETTE

05.06.2012
Eigne resultat frå distriktsprøva på Stette.

Klasse 3:Jet og Bella nr.2 og 3 med henhaldsvis 79 og 78 poeng. Outrun, lift, fetch 40 poeng for Jet og 44 for Bella. Det seier meg at utgang og inndriving for Jet bør viast litt merksemd, og om eg kunne få Bella til å kome inn til meg på deling ville eg ha vorte svært glad. Bella.....  Ho har mykje "eye" og har litt for lett til å "låse" seg inn til eine flokken. Hadde eg fått litt meir ut av delinga så hadde dette vorte ++.

Klasse 1:Sweep blei godkjent gjetarhund som den første i Bella-Tweed kullet frå 6.januar 2011. Sjølv om det "berre" vart 61 poeng til oss så er eg svært fornøgd med Sweep. Dei siste vekene har han begynt å vekse opp og då går samarbeidet mellom oss betre.

Litt for direkte på utgang enno fordi vi slit med dei forbaska sauene heime som ikkje kan stå still til dei blir løyst, og vi har ein veg å gå med driving og indreflankar. Sweep blir stadig meir lydhøyr, og med erfaring blir han rolegare på sauen når dei aukar farta. No skal eg bruke han meir til "gardshund" og gi han erfaringar med praktisk arbeid.

SANKING AV VILLSAU PÅ FJØRTOFTA

28.05.2012
I eit anfall av overmot tenkte eg eingong at det hadde vore artig å prøve å bruke gjetarhundane mine ute i terrenget for å sanke villsau.

Gjennom gode kontakter vart det avtalt at vi, straamyr.com, skulle få vere med til Fjørtoft andre pinsedag for å hjelpe dei med å få tak i den gamalnorske sauen for vaksinering og behandling.
 
I mitt einfald trudde eg at dette kunne då ikkje vere så vanskeleg. For å gjere ei lang historie kort, så vart eg både sveitt og høgrøysta før vi vart ferdig. Sauen gjorde sitt aller ytterste for å unngå snyltebehandling.. Dei søkte opp i bratte bergsvorer der hund og folk måtte knipe seg fast i den vegetasjonen som fanst for å unngå å ende i fortapelsen. Når du så hadde fått løyst dei og fått dei ned på flatmark igjen, sette dei avgarde i stort tempo mot neste fure i landskapet.

Når dei to første hundane, Moss og Black, var slitne hadde vi vel fått tak i ein rundt 60 sau. Då hadde iallefall Moss gjort ein heroisk innsats som gjetarhund, og hadde blitt både oppskrapa over auget og tilnærma krope under villsauflokken oppe i skråningane for å stoppe flukta deira.

Vi bytte hundar, og tispene Jet og Bella skulle få prøve seg.  Mjølkesyra i låra kjendte eg godt, men å innrømme det hadde eg aldri gjort. (før no)  Eg trudde at Fjørtofta var paddeflat, men fekk erfare at der rømlingane likte seg var det både bratt, urete og tettvaksen gran.

Til sist hadde vi funne alt så nær som tre dyr. Desse vil nok Terje og Spot få tak i om dei er i live.

Både hundar og folk var ei erfaring rikare når vi slutta av i firetida om ettermiddagen etter fem intense timar.  Oppsummeringa mi er at vi lukkast bra, men at det sjølvsagt er rom for forbetring. Vi med hundar var ikkje kjent i terrenget og med gjerdeopningane m.a. og det er slikt som må kome med erfaring. Hundane fekk verkeleg prøvd seg, og det vart noko heilt anna enn gjetarhundprøve på flatmark. Hundane måtte kunne arbeide utan at du såg dei heile tida, og dei synte seg sterke nok på  villsau som ikkje har vore sanka med hund tidlegare. Når ein slik kar med krøllhorn står med bakenden opp mot slette berget skal det ein sterk hund til å flytte den. Ein av hundane våre, eg nemner ikkje namn, gjekk seg fast på ei hylle og måtte hentast opp av ein sliten eigar.

Til sist var det bort på ferjekaia å parkere bilen for at vi skulle ha ein sjanse på å få vere med ferja som gjekk halvannan time seinare. Denne tida nytta vi saman med Terje og Grete der vi vart traktert med hjortekarbonader, seilerpatent og nokon fekk og "corona". Eg var strålande fornøgd med tørre strømper og eit par lånte "crocks"....


DP PÅ TYNES 26 MAI 2012

26.05.2012 var det Distriktsprøve i bruk av gjetarhund på Tynes i Sykkylven kommune. Gode arrangørar var Indre Sunnmøre Gjetarhundlag. :)

Offisielle resultat her: http://nsg.no/getfile.php/_NSG-PDF-filer/Gjeterhund/Gjeterhundprøver/res_2012/Res_2012-92_0.html

Vi starta som nr.1 i klasse 3 med singling, og der fekk eg og Bella 92 poeng. Godt nøgd med det i og med vi fikk sånn nokonlunde til deling og singling.

Så gjekk Moss til 
80 poeng. Deling skal heretter konsekvent skje med hunden på "kvesida". Der lærte eg igjen noko eg visste..


Jet gjekk så ei knallprøve til 102 poeng, og seks av dei åtte vi tapte reiste i skrå inndriving. Vi fekk andreplass med like mange poeng som vinnaren, men med tre mindre totalt i utgang, løysing og inndriving.
(20-9-14) Dermed vart det samla resultatet for dei tre startane ein 2, 5 og 6.plass!(av
12 totalt)


Vervarselet for dagen var på 15 grader og sol, men yr bomma med minst elleve grader!

Sauene var både nyfrisert og veltrent, og skulle handsamast med varsemd for å unngå for stor fart.

GJETARHUNDKURS PÅ SOLVOLL GARD

19/5-20/5 var vi på gjetarhundkurs hos Susann og Andor i Velledalen. Drift og Sweep er i målgruppa unghundar og det var på tide å få sett saman delmomenta vi har trena på  i vinter...

Grunntreninga er stort sett på plass, men ny stad og nyklippte sauer var heilt klart ei annaleis utfordring. Greit var det og å få tilbakemelding frå ein ærleg instruktør Andor slik at det vert klart kva utfordringane er. Det viktigaste eg tok til meg var :"I 90% av tilfella er det ikkje noko gale med hunden......"

Målet er uansett bruksprov på begge to i løpet av sesongen! Drift er påmeldt Tynesprøva 26. mai og så får vi sjå. Sweep er litt "yngre i haudet", (og så er det heller ikkje han som har hovudutfordringa) så han må vente litt..
 

VÅR NYE KVALP "SKYE" PRISER VÅREN....

Skye er no nesten aleinekvalp. Fram til etter nasjonaldagen er ho og søstra dei einaste kvalpane i huset. Litt rart. Jet fekk sju kvalpar, fem tisper og to hanner. Far er Kevin Evans sin Spot.
Fem er no reist til sine nye heimar og starta sine nye liv der. 

KVALPELEVERING I FULL GANG...

16.05.2012
Fem av kvalpane har no kome til nye heimeadresser:
Connie til 
Eikelandsosen, Flossi til Eresfjorden, Tind til Fiskå, Spin til Flå og Bjørk til Vinstra.

Ei tispe skal til Fjørtoft, og ho skal heite Tinni.

Stråmyrkvalpen skal heite "Skye". 


"Connie" ER SELT

03.05.2012
Vi har no selt alle kvalpane etter Jet og Spot. Tispekvalpen vi hadde for salg, skal til Eikelandsosen, sør for Bergen, der ho skal bli både gjetarhund og familiehund. 

Ho er ei triveleg type som både kan vere aktiv, og som veit å slappe av. Lukke til! 😀

JET ER PÅ: WWW.GJETERHUNDEN.COM

23.04.2012
Vi er litt høg på pæra for tida både "mannen og hans hund." 😎🤒 

På "gjeterhunden.com" som er heimesida til Alexander Strøm, har vi bedt han om å seie litt om foreldra til kvalpane, sidan han har stor ekspertise både på linjer og border collie historie!

Sjå her:http://gjeterhunden.com/
Far til valpene er Kevin Evans Spot som regnes for å være en av de beste hundene i Wales. Mor til valpene, Jet, har allerede gjort seg bemerket i Norgesserien, og er kjent for sine kjappe reaksjoner og flotte stil. Hun er import fra Derek Scrimgeour i England. Begge foreldre går tilbake til Bobby Dalziels legendariske Wisp, som med sine kraftfulle og flytende bevegelser vant International både i 1989 og 1992. Jet er er i tillegg barnebarn til Whiterose Kep som vant Skotske mesterskapet bare 2 år gammel sammen med Stuart Davidson. Kep har i likhet med Wisp satt sitt preg på mange av de beste arbeids og konkurransehundene man finner i dag.

SEAMOUR THE SHEEP

28.04.2012
Ny stripe 🙃............ (Klikk på bildet for å forstøørree!)

Ytrelias Spot er solgt!

YTRELIAS SPOT 
er nå solgt til Terje Strand på Fjørtofta i Haram kommune. Dermed blir Spot verande i same heimkommune og får trene og gjete gammalnorsk sau ute på øyane. I tillegg er dei begge hjarteleg velkomne til å trene gjeting på Gamlem hos oss vidare. Gratulasjonar til begge to!

Mike er solgt til Birtavarre i Troms.

12.04.2012
Gunhild Johnsen fra Birtavarre i Kåfjord kommune har kjøpt Mike til gjetarhund for NKS. Vi ønsker lykke til, og forventer at han blir til god hjelp på garden.

KVALPANE LIGG PÅ FINN.NO

08.04.2012 om føremiddagen..
Med fare for å vere ute i tidlegaste laget, for ein einaste gangs skuld, har eg lagt ut annonse for kvalpane på finn.no  Sjå her:

Nils Edmund er på Facebook!!!

 Profilbilete😮😮🤭🙃



Melkespreng

03.04.2012
Dagen i dag starta med ein bekymra eigar som observerte at dei to bakerste jurkjertlane var store og hovne. Eg meinte å kunne kjenne ei hard helle inne i det eine juret, og som m.a. mjølkebonde har eg panikk for dette. Dyrlege vart kontakta telefonisk, men viss kvalpane fekk suge og Jet ikkje hadde feber så skulle eg berre passe på at kjertlane vart tømt. Så då har eg hatt noko å finne på i dag i tillegg til å kike ut og gremme meg over veret..

Colleen og Sweep

02.04.2012
Kven var det som sa at katt og hund ikkje kan vere venner. Todd og Copper? Nei, dei var hund og rev..

Katten Colleen kjem frå Ortaks kennel, så det kan vere ein grunn. Fjøskatten veit ikkje noko likare enn å få fjøsbesøk av unghundane. Det måtte i tilfelle vere å jakte fuglar på fuglebrettet til kårkallen... 

Gjeterhundtrening

01.04.2012
Første april kom i år og. Dagen vart prega av intens trening av gjetarhundar på Gamlem. Litt småhustrig var det, men med bålpanne og skinnfellar ++ var det godt leveleg for tøffe typer. Her er det Merethe og Ann Mari som følger med.... (Karina!!!   ...truleg er det sudoku eller wordfeud....)

Jet 290392

Jet er ei stilfull tispe med god balanse. Ho er svært styrbar og sterk nok til å flytte tung sau. Svært godt temperament. Ho er HD-røntga fri A og augelyst fri for CEA, CPRA og PLL.

Ta gjerne kontakt om du er interessert i ein gjetarhundkvalp.
tlf.:   90083282 eller nedmst@online.no

Kevin Evans's Spot 272008

Spot er HD-røntga i Wales - 25/150 - Same som B i Norge.
Spot er DNA testa NORMAL - Han vil aldri utvikle CEA/CH
Spot er kullbror til Kevin's Int. Supreme Champion Mirk.
Dei har begge  David Evan's Jaff til far og mor er Kemi Gypsy.
Spot er ein sterk korthåra hund med godt temperament.

Spot har vunne fleire opne prøver i UK! 
Nokre av dei større prøvene han har vunne er;
* the Main Ring Open at Royal Welsh 2009 and 2010.
* the Llandewi Brefi centenary South Wales style trial 2009.
* the North Wales Open Championship double lift final 2009.
* the Selatyntrial double lift final 2007.

* Spot vart nr. 10 i World Trial Finalen  2008
Du kan finne meir info om Kevin Evans's Spot på http://www.peze.com/evansdogs/  og på http://tika.no

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

23.01 | 18:36

Hei, Dennis 7 år papillon vår ha vært med dere en gang før med Lab tispe Kelly ho er ikke her lenge men han trenger plass rundt den 10.7.18 til 25.7.18

...
22.02 | 17:07

Hei! Er det ledig plass for en bouvier 12.-19.mai? Pris pr døgn?
Mvh Randi

...
30.01 | 18:43

Hei Marit. Vennligst ta kontakt med daglig leiar Karina Stråmyr på tlf. 91657669.

...
29.01 | 20:18

Hei! Har en fransk bulldog tispe på 11 mnd. Hva ville det kostet å ha henne hos dere fra 9. Til 11.februar?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE