FRÅ GJETARFRONTEN

BIG HORN

LANDSPRØVE I ROMHARHEIM 20-21 AUGUST 2016

Nils og Roxy gjekk til 4. plass med 102 poeng laurdagen og 14. plass med 99 poeng dagen etter, medan G. Ben fekk høvesvis 38. plass med 79 poeng og 31. plass med 88 poeng. Svært nøgd med innsatsen og 58 poeng i Norgesserien med Roxy!


Gjeterhundkurs på Gamlem 21.-22. februar

Flott og lærerikt kurs trass vêret  

Egil Syversbråten og Bente Bonsaksen var kjempeflinke instuktørar som gjorde kurset til ein einaste stor suksess. 

Sanking på Ulla

Sanking med familien på en, to, tre. Roxy stod for sjølve jobben medan eigaren dirigerte. Friskt vêr og gode forhald grorde at det blei grei skuring.

Landsprøve i Lundegrend, Sunnfjord

Eg deltok med Roxy på landsprøva i Sunnfjord. Vi fekk 90 poeng på søndagen og kom med det på ein 9. plass. Resultatlista finn du her: 

NM i Follestadalen

Roxy fekk 137 poeng første kvalifiseringsdagen og kom med det på 46 plass i NM. Dette var tredje gong eg var med i NM og første for Roxy. Beste plasseringa til no, og eg håper trenden held seg. Heile resultatlista frå NM finn du her: 

Fylkesmeisterskap

Roxy kom på tredjeplass i FM på Fiskå, med 82 poeng i kvalifiseringa og 118 poeng på dobbelthenten. Dette gjer at ho blir med i uttaket til (http://nmgjetarhund2014.no/) NM frå Møre og Romsdal. Fylkesmeister og direkte kvalifisert til NM i år blei Jan Myklebust sin Tind som er etter vår Jet og Kevin Evan sin Kemi Spot. 

Vinnar av Unghundcupen

Steel vart overlegen vinnar av årets Unghundcup i Møre og Romsdal. Etter siger i andreklasse på Fiskå 4. oktober syner ei uformell utrekning til at han hadde mest poeng av dei som deltok. Han tek med det over plaketten etter fjorårets vinnar Roxy.

Sesongen 2014 er i gang.

Sesongen har starta så smått allereie den 4 januar med Gamlem Open, og det på ein flott om enn noko vindfull januardag. Så lenge vi slepp meir regn går det greit!

Vi hadde tre dagar med snø i desember, og bildet er til ære for dei.

Første DP er over, og kven som gjorde det korleis kan du sjå på www.mrgl.no




Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

23.01 | 18:36

Hei, Dennis 7 år papillon vår ha vært med dere en gang før med Lab tispe Kelly ho er ikke her lenge men han trenger plass rundt den 10.7.18 til 25.7.18

...
22.02 | 17:07

Hei! Er det ledig plass for en bouvier 12.-19.mai? Pris pr døgn?
Mvh Randi

...
30.01 | 18:43

Hei Marit. Vennligst ta kontakt med daglig leiar Karina Stråmyr på tlf. 91657669.

...
29.01 | 20:18

Hei! Har en fransk bulldog tispe på 11 mnd. Hva ville det kostet å ha henne hos dere fra 9. Til 11.februar?

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE