Firedagarskurs for Derek Scrimgeour på Pensionat Udden i Sverige.
I juli var eg igjen i Sverige på kurs. Dette byrjar å bli ein god tradisjon. Eg trur det er femte gongen til saman. Det er imidlertid stadig nytt å lære og stadig nye situasjoner og nye hundar også...
Derek er eit sant oppkome av kunnskap og anekdoter, slik at ein lærer like mykje etter middagen om kvelden som ute i "fårehagen" om dagen. Etter mitt syn jobber han 15-16 timers dag på desse kursa.
Det er og mykje lærdom å tilegne seg om ein er våken for kva andre kursdeltakarar gjer og kan...
Vi går rett frå trening til dekka bord der Allan og Eva har tilrettelagt alt. Ein totalpakke for gjetarhundinteresserte som er heilt fantastisk. Takk for i år!